Saas-Almagell er ein kommune i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 389 innbyggjarar (2010) og eit areal på 110 km². Kommunesenteret ligg 1 672 meter over havet.
Kommunen er den sørlegaste i Saastal, kring om dalen reiser seg høge fjell som Almagellhorn. Saas-Almagell grensar i sør og aust mot Italia, der finn ein grensefjellet Pizzo d'Andolla.
Skirennarane Pirmin og Heidi Zurbriggen er frå Saas-Almagell. Pirmin Zurbiggen driv hotell i landsbyen, der systera Heidi har sin eigen helsepraksis. Også fjellføraren Franz Andenmatten var frå Saas-Almagell.
Kjelder
Bakgrunnsstoff