Zenon var ein tenkjar som levde rundt byrjinga på 400-talet før vår tidsrekning. Han var del av den eleatiske skulen og var elev av grunnleggjaren Parmenides.
Zenon er særleg kjend for sine paradoks. Dette var argument som skulle visa at rørsle eigentleg ikkje var mogleg. Nokon av dei mest kjende er «Akilles og skilpadda» og «den flygande pila».