York er ein by nord i England. Han har 183 128 innbyggjarar (2003). Byen er kjend for å ha mange bevarte historiske byggverk, mellom anna ein nokså fullstendig bymur. Han var hovudstad i vikingkongedømet Jorvik.
Byen blei grunnlagd som eit romersk fort i år 71. Som Eboracum blei det ein viktig militærbase, og to romerske keisarar døydde her: Septimius Severus i 211 og Constantius Chlorus i 306.
Etter at romarane trekte seg tilbake blei staden brukt som handelshamn av angelsaksarane, og kalla Eoforwic. Men i november 866 blei han teken av ein "stor vikinghær", fortel angelsaksiske krønikeskrivarar. Vikingane gjorde han til hovudstaden i eit stort kongerike kalla Jorvik, og byen blomstra.
I 954 blei den siste vikingkongen, Eirik Blodøks, utvist frå riket, og det blei innlemma i den nylaga angelsaksiske staten. Men ein kan fortsatt sjå spor etter dei norrøne innbyggjarane, som i namna på gatene, som gjerne heiter noko med "gate", til dømes Micklegate ('Storgata').
Verdt å sjå
York har fleire gamle bygg, som Clifford Tower, eit forsvarstårn på ein bakketopp, og York Minster, som er den største mellomalderdomkyrkja i England. Saman med bymuren og dei bevarte mellomaldergatene gjer desse byen til eit trekkplaster for turistar. I tillegg har York eit rikt gateliv, som organiserte turar med spøkjelsesforteljingar og diverse gateunderhaldning.