Wrexham (walisisk Wrecsam) er eit grevskapsdistrikt i det nordlege Wales. Det dekker delar av det tradisjonelle grevskapet Denbighshire og nokre delar som er overført frå Flintshire: Maelor Saesneg og Marford.
Distriktet har namn etter administrasjonsbyen Wrexham. Andre stader er Gwersylt, Ruabon og Chirk.
Det vart oppretta 1. april 1996. Det meste av området høyrte då til distriktet Wrexham Maelor, medan nokre få område vart teken frå Glyndwr.
Kjelder
Bakgrunnsstoff