Winston-Salem er ein by i den amerikanske delstaten Nord-Carolina med eit folketal på rundt 230 000 (2010).[1][2]
Byen ligg nord i delstaten, rundt 70 km vest for Greensboro og rundt 45 km sør for grensa til Vest-Virginia.
Byen blei danna gjennom ei samanslåing av dei to nabobyane Winston og Salem i 1913. Denne nemninga var allereie blitt brukt av det amerikanske postvesenet frå 1880-åra.
I 1920 hadde Winston-Salem eit folketal på 48 395, og var den største byen i Nord-Carolina.[3][4][5]
Tobakkselskapet R. J. Reynolds Tobacco Company og Reynolds-familien har hatt mykje å seia for utviklinga av byen. Selskapet blei skipa i 1875, og blei kjend for produkt som Prince Albert pipetobakk (1907) og Camel-sigarettar (1913).
I 1917 kjøpte selskapet 340 000 m2 land i byen og bygde 180 hus som det selde til arbeidarane sine for kostpris. Byggjefeltet blei kalla Reynoldstown.[6]
I 1929 stod skyskraparenReynolds Building på 96 m ferdig.[7][8] Han hadde 21 etasjar, og husa hovudkvarteret til Reynolds-selskapet. Skyskrapren var den høgaste bygningen i USA sør for Baltimore i Maryland, og blei utnemnd til årets beste bygning av American Institute of Architects.[9] Bygningen var ein forløpar og prototyp for den mykje høgare Empire State Building som blei bygd i New York i 1931.[10][11]
På 1940-talet var 60 % av arbeidarane i Winston-Salem tilsette anten i ved Reynolds-fabrikken eller ved tekstilverksemda til Hanes.[6]
Andre større verksemder frå byen er T.W. Garner Foods, som byrja selja den landskjende chilisausen Texas Pete i 1929, og Krispy Kreme, som opna sitt første smultringutsal i byen i 1937.[12]
Han har fleire universitet og høgskular, som Wake Forest University, Winston-Salem State University, North Carolina School of the Arts og Salem Academy and College.