Wilhelmus Lourens Johannes Suurbier, kjend som Wim Suurbier, (16. januar1945–12. juli2020) var ein nederlandsk fotballspelar frå Eindhoven. Han var med om å vinne europacupen tre gongar og vart seriemeister sju gongar med Ajax Amsterdam. Med Nederland sitt landslag vann hann to VM-sølv og ein EM-bronse. Høgrebacken Suurbier var både kjapp og uthaldande.
Karriere
Klubbspel
Suurbier debuterte på Ajax sitt fyrstelag då han var 19 år og spelte for klubben i 13 år til 1977. Han spelte fast på det historiske Ajax-laget som stod for den epokegjerande total-fotballen frå kring 1970. Sentralt i dette mannskapet, som vann europacupen for serievinnarar tre år i rad, stod Johan Cruijff. Etter 1977 vandra Suurbier frå klubb til klubb utanlands; Vest-Tyskland, Frankrike, USA og heimlandet.
Landslagsspel
Frå 1966 til 1978 deltok Suurbier i 60 landskampar og skåra 3 landslagsmål for Nederland. Han spelte heile VM-finalen 1974 mot Vest-Tyskland, i 1978 kom han på bana som innbytar i VM-finalen mot Argentina. Begge finalane enda med tap for Nederland. I EM i fotball 1976 vann Suurbier og Nederland med 3-2 over Jugoslavia i bronsefinalen.
Merittar
VM-sølv: 1974 og 1978 med Nederland
EM-bronse: 1976 med Nederland
Vinnar av Europacupen: 1971, 1972, 1973 for Ajax Amsterdam