Wilson Mountains er ei fjellkjede vest for Merz Peninsula ved Black Coast i Palmer Land i Antarktis. Fjella grensar i vest til Du Toit Mountains, i nord til Beaumontbreen og Hiltonfjorden, og i sør til Defantbreen.
Fjella vart først fotografert frå lufta av USAS, 1940 og vart kartlagde av USGS frå U.S. Navy sine flyfoto teken 1966-69. I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter forskarar på kontinentaldrift, vart fjella namngjeve av US-ACAN etter John Tuzo Wilson (1908–93), ein kanadisk geofysikar som vitja Antarktis under US Navy Operasjon Deep Freeze, 1958. Wilson var professor i geofysikk ved University of Toronto, 1946–74 og direktør ved Ontario Science Centre, 1974-85.
Kjelder