William Martin Smyth, oftast omtala som Martin Smyth (fødd 15. juni 1931 i Belfast), er ein nordirsk prest og har vore framståande politikar for Ulster Unionist Party og toppleiar for Orangeordenen i Irland (stormeister Grand Orange Lodge of Ireland) 1972-1996. Han har og vore ordinert prest i den presbyterianske kyrkja i Raffrey, grevskapet Down frå 1957 til 1963 og i Alexandra Church (Belfast) frå 1963 til 1982.
Liv
Barndom, oppvekst og utdanning
Smyth voks opp i Donegall Road-området sentralt i Belfast, og gjekk på Methodist College Belfast, før han studerte ved Trinity College, Dublin. Utdanninga til prest tok han ved Magee University College (Derry/Londonderry) og ved Presbyterian College, Belfast. Etter presteordinasjon i 1957, tenestegjorde han i fleire kyrkjelyder i Belfastregionen.[1]
Starten på den politiske karriera
Parlamentsmedlem
Under David Trimble sin leiarperiode i Ulster Unionist Party
Slutten på politikarkarriera og 2005-valet
Publikasjonar
- W. Martin Smyth; The message of the banners. Belfast, Evangelical Protestant Society 2005 (Opptrykk av eldre utgjeving). Pamflett.
Referansar