Wild Youth er eit irsk indiepopband skipa i Dublin i 2016. Gruppa bestĂ„r av vokalisten Conor OâDonohoe, trommeslagaren Callum McAdam og Ed Porter og David Whelan som begge spelar gitar og syng. Gruppa representerte Irland i Eurovision Song Contest 2023 med lĂ„ten «We Are One».[1]
Bakgrunn
Wild Youth blei skipa i Dublin i 2016 av venane David Whelan, Ed Porter, Conor O'Donohoe og Callum McAdam. Musikkstilen til bandet blandar element av rock og r'n'b med gutegruppe-pop.[2] Ă
ret etter skipinga slapp kvartetten debutsingelen «All or Nothing». Songen fekk ein viss viral suksess, og gruppa fekk oppdrag som oppvarmarar for artistar som Zara Larsson og Niall Horan i Irland.[2]
Under eit radioarrangement jula 2017 blei bandet kjent med Danny OâDonoghue frĂ„ bandet Script. Saman drog dei til London for Ă„ spele inn musikk. Sommaren 2018 kom oppfĂžlgjarsingelen «Can't Move On», som nĂ„dde plass 59 pĂ„ den irske hitlista. Samstundes turnerte Wild Youth Europa rundt som oppvarmingsband for det irske rockebandet Kodaline. Bandet slapp ein ny singel «Making Me Dance» som gav ei ny listeplassering i Irland, og debut-EP-en The Last Goodbye nĂ„dde topp fem i Irland vinteren 2019.[2]
Sidan har Wild Youth turnert med artistar som Lewis Capaldi og Westlife. I tillegg har gruppa hatt fleire utselde turnear bÄde i Irland og Storbritannia. Vokalist Conor O'Donohoe har ogsÄ skrive fleire hittar for andre artistar og skrive lÄtar saman med banda Moncrief og Script.[3]
I 2023 var Wild Youth ein av deltakarane i den irske uttakinga til Eurovision Song Contest. Dei deltok med lÄten «We Are One», som dei skreiv med den Grammy-nominerte svenske lÄtskrivaren Jörgen Elofsson.[3] I den irske finalen fredag 3. februar 2023 vann dei ein klÄr siger og fekk representere Irland i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. I eit intervju uttalte bandet at dei lenge hadde Þnska Ä delta i Eurovision Song Contest.[3][4] Wild Youth deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der enda dei pÄ 12. plass og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[1]
Medlemmar
- Conor O'Donohoe â keyboard, vokal
- Callum McAdam â trommar
- Ed Porter â vokal, gitar
- David Whelan â vokal, gitar
Referansar
- â 1,0 1,1 «WildYouth». eurovision.tv (pĂ„ engelsk). Henta 18. mai 2023.
- â 2,0 2,1 2,2 «WildYouth Biography, Songs, & Albums». AllMusic (pĂ„ engelsk). Henta 5. februar 2023.
- â 3,0 3,1 3,2 «Ireland: Wild Youth are selected for Liverpool with 'We Are One'». eurovision.tv (pĂ„ engelsk). 4. februar 2023. Henta 5. februar 2023.
- â Butler, Rachel (3. februar 2023). «Dublinband Wild Youth in running to represent Ireland at Eurovision 2023». DublinLive (pĂ„ engelsk). Henta 5. februar 2023.