«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» er ein EDM-song av det amerikanske rockebandet Sparks, gjeven ut som den andre singelen frå det 16. studioalbumet deira, Gratuitous Sax & Senseless Violins. Han var skriven og produsert av Mael-brørne og referer til den amerikanske jazzsaksofonisten Charlie Parker. Han nådde 36. plassen i Storbritannia, 61. plassen i Tyskland og 24. plassen på BillboardHot Dance Club Play-lista i USA. Opphavleg vart han gjeven ut som «(When I Kiss You) I Hear Charlie Parker Playing», før han fekk den noverande tittelen.
Mottaking
Ned Raggett frå AllMusic noterte at songen «syner Russell som rappar (!)».[1] Musikkskribent James Masterton sa i den vekentlege britiske hitlistekommentaren sin: «Den nye singelen er like bisarr som tittelen høyrest ut, med eit rappa vers som Neil Tennant garantert ville gjeve høgrearmen for å ha skrive, kombinert med eit imponerande kommersielt refreng.»[2] Det paneuropeiske magasinet Music & Media skreiv: «Me lever i fastfood-euroens tidsalder med one-liners som fungerer som tekstar. Heldigvis bruker Sparks framleis fantasien.»[3] Ein melder frå Music Week vurderte songen til fire av fem, og skildra han som «meir herleg high camp-drama frå kongane av eksentrisk synthpop», og uttalte at tidlegare Suede-gitarist Bernard Butler sin Fashionable World Of Fashion Mix «bør skapa ein buzz.»[4] James Hamilton frå magasinet RM såg på songen som «Pet Shop Boys-aktig».[5]
Musikkvideo
Det vart laga ein musikkvideo for å marknadsføre singelen, regissert av den engelske regissøren Sophie Muller.[6] Videoen vart sidan publisert på den offisielle YouTube-kanalen til Sparks i juni 2012. Muller regisserte òg videoen for «When Do I Get to Sing 'My Way'».
Innhald
Britisk CD-singel
Nr.
Tittel
Lengd
1.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Radio Edit)
3:47
2.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Red Jerry Remix)
6:45
3.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (When I Dub You)
5:10
4.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Oliver Lieb Dub Mix I)
7:17
5.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Oliver Lieb Dub Mix II)
7:46
Europeisk maxi-singel
Nr.
Tittel
Lengd
1.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Radio Edit)
3:49
2.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Oliver Lieb Vocal Mix)
7:16
3.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Bernard Butler's Fashionable World Of Fashion Mix)
7:07
4.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Beatmasters Dub Mix)
5:10
5.
«When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (Acappella)