«Never Turn Your Back on Mother Earth» er ein song av det amerikanske rockebandetSparks. Songen kom ut seint i 1974 som den første singelen frå det fjerde albumet deira, Propaganda.
Nyinnspeling for Plagiarism
I 1997 spelte Sparks inn ein ny versjon av songen med produsenten Tony Visconti. Dette introduserte strykarar og kor. Songen avsluttar Plagiarism, der han glir over frå det førre sporet, «The Number One Song in Heaven».
Andre versjonar
Depeche Mode spelte inn ein versjon av songen på ein flexi-disc som vart send til medlemmar av den offisielle fanklubben deira jula 1987.