Weiße Elster ('Kvite Elster', tsjekkiskBílý Halštrov) er ei 257 km lang elv i Tsjekkia og Tyskland, og ei av sideelvane til Saale frå høgre. Ho har sitt utspring lengst vest i Tsjekkia, nær Aš. Etter nokre kilometer renn ho over grensa til Tyskland. I Tyskland renn ho gjennom bundeslanda Sachsen, Thüringen og Sachsen-Anhalt.