Wadi Dhaiqah er ein wadi, eller tørt elveleie, i ein canyon kring 90 kilometer aust for Bait Hattat (Wadi Adei) i Muscat i Oman.
Wadien har så mange som 120 sidedalar og elvar. Delar av dalen er ein naturpark som strekkjer seg frå Wilayat Dima W'attayyeen i Sharqiyah-området til Qurayyat i guvernementet Muscat. Fruktgardane i Al Mazarea ligg i Wadi Dhaiqah og den omanske staten har bygd ut fleire kunstige vatningsanlegg her. Vatnet vert lagra i ein dam kalla Wadi Dhaiqah-dammen ved vegen mellom Qurayyat og Sur.
Kjelder