Ein canyon (via engelsk, av spansk cañón, 'røyr, trakt')[1] er ein dal med steile sider som er oppstått ved at ei elv har grave seg ned gjennom hard berggrunn. Dei blir ofte danna av elver i dei øvre løpa sine der straumen deira er sterk og rask.[2] Ordet blir brukt om store dalar av denne typen, medan mindre dalar blir kalla gjel eller juv.
Verdas mest kjende canyon er Grand Canyon i USA,[3] som har rundt 1,6 km høge dalsider.[4] Det finst lengre og djupare canyonar i Kina, Nepal og Peru. I Noreg er det fleire mellomstore canyonar. Sautso ved Alta er den mest kjende i Noreg.[3] Han er ca. 400–425 meter djup og 7,5 km lang og ligg øvst i Altaelva i Finnmark.
Det blir også danna gjel med liknande form på kontinentalsoklar eller kontinentskråningar under havoverflata. Desse er danna gjennom utrasing og suspensjonsstraumar eller turbiditetsstraumar.[3] Sidene i desse gjela kan vera fleire tusen meter høge.[4] Grand Bahama Canyon har nesten 5 km høge sider.[4]