Volujak (albansk Maja e Vjeljakut; serbisk Волујак, Volujak) er eit fjell i Prokletijefjella i Kosovo, med ei høgd på 2014 meter over havet. Volujak dannar ein del av Rugovakløfta. Ein kan sjå fjellet frå byen Peć, som ligg nokre kilometer aust for fjellet.