Prokletije (albanskBjeshkët e Nemuna) er ei fjellrekkje i Dei dinariske alpane og ligg i grenseområdet mellom Nord-Albania, Vest-Kosovo og Aust-Montenegro, og er prega av karstlandskap og isbrear. Det høgaste fjellet i Bjeshkët e Nemuna er Maja e Jezercës(Jezercafjellet), som reiser seg opp til 2 694 m. Fjellet har bratte veggar og tindar som gjev det ein alpin utsjånad, som ein ikkje finn andre stader på Balkan. Den nest høgaste toppen i Bjeshkët e Nemuna (Prokletije) er Đeravica (2 656 m), som òg er det høgaste fjellet i Kosovo. Sentrale delar av desse fjella vert òg kalla Malësia e Madhe på albansk.
Kjelder
Jovan Cvijić 1913: Die Eiszeit im Prokletije und den umliegenden Gebirgen.- Glas SKAN, XCI, Beograd. (serb.: Cvijić, J. 1921: Ledeno doba u Prokletijama i okolnim planinama.- Glasnik srpske Kraljevske Akad. XCL, 1913, XCIII.)