Vjoksa (russisk Вёкса) er ei elv i Kostroma oblast i Russland og ei av sideelvane til Kostroma frå venstre. Elva er 150 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 550 km².
Elva renn ut frå nordvestenden av Galitsjsjøen og renn vestover, før ho munnar ut i Kostroma ved Buj. Den einaste større sideelva hennar er Kholja frå høgre. Vjoksa er om lag 30-40 meter brei.
Kjelder