Vina var tidlegare eit omgrep som dekte alle karnatiskestrengeinstrument, og blir framleis brukt om andre instrument enn vinaen som er skildra her. Til dømes kjenner me til dhanurvina, eit rundvore strykeinstrument frå tidlegare tider, rudravina, eit plukkeinstrument med to resonnanskassar laga av graskar som framleis er i bruk, og nyskapte instrument som hamsavina med 22 strenger (5 hovudstrenger, 13 tilleggstrenger og 4 resonnansestrenger) eller den gitaraktigemohanvinaen.
For å skilja vinaen frå andre vinatypar blir han derfor stundom kalla «sarasvativina». Instrumentet er nemleg eit symbol for og svært nært forbunde med Sarasvati, som er hindugudinne for mellom anna musikk.
Anna
Heltinna i ei av bøkene til Salman Rushdie, The Ground Beneath her Feet, tek artistnamnet «Vina Apsara».