Viktorija Georgieva (fødd 21. september 1997), best kjend under artistnamnet Victoria, er ein bulgarsk songar og låtskrivar. Ho innleia ein profesjonell musikarkarriere etter å ha delteke i fjerde sesong av X Factor Bulgaria.[1] Georgieva skulle ha representert Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam med songen «Tears Getting Sober».[2][3] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[4] Ho fekk i staden representere Bulgaria i tevlinga i 2021 med songen «Growing Up Is Getting Old».[5][6]
Karriere
Georgieva vart fødd i Varna i Bulgaria. Ho starta å synga som elleveåring, og etter kort tid byrja ho i vokalstudioet «Angel Voices», der ho hadde Atanaska Liptsjeva som songlærar.[1] Georgijeva deltok i auditionrundane i dei tre fyrste sesongane av X Factor Bulgaria, men gjekk aldri vidare – mykje på grunn av sin unge alder.[7] I 2015, etter tre forsøk, gjekk ho vidare til finalerundane.[8] Ho vart slått ut i veke 9.
Trass i at ho ikkje vann X Factor Bulgaria, fekk Georgieva eit tilbod frå Virginia Records, som ho avslo. Men ho signerte for Monte Music i 2016, og 10. juni 2016 slapp ho sin fyrste singel, «Nisjto slutsjajno» med artistane VenZy og Niki Bakalov.[9] Ho slapp sin fyrste engelskspråklege singel, «I Wanna Know» i 2019, og hennar debutalbum er planlagt utgjeve i 2020.[10]
I november 2019 kunngjorde den bulgarske kringkastaren Bălgarska natsionalna televizija (BNT) at Georgieva skulle representere Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020 i Nederland. Songen hennar, «Tears Getting Sober», vart offentleggjort mars 2020.[11][12][13] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[14] BNT vedtok same vår at Victoria i staden skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021, men med songen «Growing Up Is Getting Old».[15][16]
Diskografi
EP-ar
Singlar
Kjelder