Vidda til Vesle-Polen (i raudt) innan Polen-Litauen , 1635
Dei tre historiske områda i Vesle-Polen, Kraków , Sandomierz og Lublin , over Polen i dag.
Vesle-Polen (polsk Małopolska , latin Polonia Minor ) er eit historisk område som utgjer den søraustlege luten av Polen . Det ligg i det øvre og i noko av det midtre nedslagsfeltet til Wisłaelva . Namnet Vesle-Polen (til skilnad frå Stor-Polen ) vart fyrst teke i bruk på 1300- og 1400-talet.
Det historiske høglandsområdet strekkjer seg frå Karpatane i sør til elvane Pilica og Wieprz i nord. Vesle-Polen grensar i vest med Schlesien , i nord med Masovia og Podlasie , og i aust med Ukraina . Fram til den andre verdskrigen femna området om ein stor lut av Ukraina (då Raudrussland ) med Lviv .
Vesle-Polen ligg i dag i voivodskapa Małopolska , Podkarpacie , Lublin og Święty Krzyż , i tillegg til den austre luten av det Schlesiske voivodskapet og dei søre lutene av voivodskapa Mazowsze og Łódź .
Den historiske hovudstaden i Vesle-Polen, Kraków , vert rekna av mange som kulturhovudstaden i Polen, og står ført opp på verdsarvlista til UNESCO .[ 1] Saltgruva i Wieliczka like ved Kraków og trekyrkjene i Vesle-Polen er òg skrivne inn på lista.[ 2] [ 3]
Kjelder
Denne artikkelen er ei
spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han .