Verdscupen i skiskyting 1980 tok til den 18. januar og vart avslutta 30. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Ruhpolding (3) i Vest-Tyskland, Antholz (3) i Italia, Lahti (3) i Finland, Hedanäset (3) i Sverige og ved Murmansk (3) i dåverande Sovjetunionen. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.
Frank Ullrich frå Aust-Tyskland vann to av dei ti renna og sigra framom landsmennene Klaus Siebert og Eberhard Rösch. Ullrich vann fire av tevlingane, Siebert vann tre tevlingar. Aust-Tyskland vann dei fire siste stafettane, Noreg vann den fyrste.
Individuelt
Kjelder