Verdscupen i skihopping 2010 omfatta 23 individuelle tevlingar og 4 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuusamo i Finland den 27. november 2009 og vart avslutta i Holmenkollbakken i Oslo 14. mars 2010. Dei 23 individuelle tevlingane fordelte seg på 20 i storbakkar og 3 i skiflygingbakkar.
Simon Ammann frå Sveits sikra seg den store FIS-premien, framom fjorårsvinnaren, austerrikaren Gregor Schlierenzauer. Ammann sigra i 9 renn og Schlierenzauer i 8 renn.
Austerrikes hopplandslag var suverent best, sanka meir enn dobbelt så mange poeng som andreplasserte Noreg.
Individuelt
Kjelder