Verdscupen i skihopping 1994

Verdscupen i skihopping 1994 omfatta 19 individuelle tevlingar og 2 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn i Planica i Slovenia den 11. desember 1993 og vart avslutta i normalbakken i Thunder Bay i Canada 27. mars 1994. Dei 19 individuelle tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 10 i storbakkar og 1 i skiflygingsbakke. Hopprenna under Vinter-OL 1994Lillehammer talde ikkje med i verdscupen.

26 år gamle Espen Bredesen frå Oslo vann den store FIS-premien. Andremann totalt, Jens Weißflog frå Tyskland, vann flest enkeltrenn, 7-sju i talet. Dei norske hopparane vann premien for beste landslag, etter jamn kamp med Japan, Austerrike og Tyskland.

Eit nytt poengsystem gav heretter 100 poeng for siger, 80 for andreplass, med meir. Dei 30 beste i kvart renn fekk poeng.

Individuelt

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Espen Bredesen  Noreg 1203 4
2 Jens Weißflog  Tyskland 1110 7
3 Andreas Goldberger  Austerrike 927 2
4 Jaroslav Sakala  Tsjekkia 751 2
5 Roberto Cecon  Italia 710 1
6 Noriaki Kasai  Japan 562 1
7 Takanobu Okabe  Japan 529
8 Jinya Nishikata  Japan 482
9 Lasse Ottesen  Noreg 421
10 Janne Ahonen  Finland 388 1
11 Dieter Thoma  Tyskland 350
12 Heinz Kuttin  Austerrike 340
13 Gerd Siegmund  Tyskland 326 1
14 Jani Soininen  Finland 297
15 Masahiko Harada  Japan 270
16 Ari-Pekka Nikkola  Finland 266
17 Roar Ljøkelsøy  Noreg 258
18 Janne Väätäinen  Finland 237
19 Jiří Parma  Tsjekkia 193
20 Stefan Horngacher  Austerrike
Zbyněk Krompolc  Tsjekkia 183
22 Didier Mollard  Frankrike 178
23 Nicolas Dessum  Frankrike 166
24 Ladislav Dluhoš  Tsjekkoslovakia 165
25 Christof Duffner  Tyskland 156

Kjelder