Verdscupen i skihopping 1992

Verdscupen i skihopping 1992 omfatta 21 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 1. desember 1991 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica i dåverande Jugoslavia den 29. mars 1992. Dei 21 tevlingane fordelte seg på 6 i normalbakkar, 12 i storbakkar og 3 i skiflygingsbakkar. Hopprenna under Vinter-OL 1992 i Albertville talde ikkje med i verdscupen.

16 år gamle Toni Nieminen frå Finland vann FIS-premien med stor margin. Han sigra i 8-åtte av dei 21 enkelttevlingane. Austerrike var suverent best av landslaga, sanka fleire poeng enn nummer 2, 3 og 4 til saman. Noreg enda på niandeplass.

Individuelt

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Toni Nieminen  Finland 269 8
2 Werner Rathmayr  Austerrike 229 4
3 Andreas Felder  Austerrike 218 4
4 Ernst Vettori  Austerrike 205 2
5 Stephan Zünd  Sveits 147
6 Mikael Martinsson  Sverige 132
7 František Jež  Tsjekkoslovakia 127
8 Andreas Goldberger  Austerrike 123
9 Noriaki Kasai  Japan 115 1
10 Martin Höllwarth  Austerrike 112 1
11 Heinz Kuttin  Austerrike 92 1
12 Ari-Pekka Nikkola  Finland 81
13 Franci Petek  Jugoslavia 72
14 Jaroslav Sakala  Tsjekkoslovakia 67
15 Jiří Parma  Tsjekkoslovakia 66
16 Staffan Tällberg  Sverige 57
17 Ivan Lunardi  Italia 54
18 Samo Gostiša  Jugoslavia 52
19 Christof Duffner  Tyskland 51
20 Jim Holland  USA 48
21 Tomáš Goder  Tsjekkoslovakia 46
22 Werner Haim  Austerrike 42
23 Martin Tzrunz  Sveits
Sylvain Freiholz  Sveits 36
25 Roberto Cecon  Italia 32
26 Magne Johansen  Noreg 27

Kjelder