Verdscupen i skihopping 1984 omfatta 24 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 10. desember 1983 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica i Jugoslavia den 25. mars 1984. Dei 23 tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 14 i storbakkar og 2 i skiflyging, begge skiflygingstevlingane fann stad i Oberstdorf i Vest-Tyskland.
Jens Weißflog frå Aust-Tyskland sikra seg FIS-premien, etter ein tett strid med fjorårsvinnar Matti Nykänen frå Finland. I tevlinga for landslag vann Finland, fattige 7 poeng framom Aust-Tyskland. Noreg kom på femteplass.
Individuelt
Kjelder