Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) er ein mellomstatleg organisasjon med 193 medlemsland. Han har sitt opphav i Den internasjonale meteorologiorganisasjonen (IMO), som vart grunnlagd i 1873, og Noreg har vore medlem heilt sidan den gong.
Å gjere det verdsomspennande samarbeidet enklare ved å etablere nettverk av observasjonsstasjonar, i tillegg til hydrologiske og andre geofysiske observasjonar knytte til meteorologi.
Å gjere det enklare og etablere og vedlikehalde system slik at ein raskt kan utveksle meteorologisk og tilknytt informasjon.
Å standardisere meteorologiske og tilknytte observasjonar, og sikre einsarta publisering av observasjonar og statistikk.
Å føre bruken av meteorologi vidare i luftfart, skipsfart, vassproblem, jordbruk og andre menneskelege aktivitetar.
Å føre aktivitar i operasjonell hydrologi vidare, og føre samarbeidet mellom meteorologiske og hydrologiske tenester nærare.
Å oppfordre til forsking og utdanning i meteorologi, og andre tilknytte felt, og assistere i å koordinere dei internasjonale aspekta av slik forsking og utdanning.
Medlemslanda av WMO har møter annakvart år der ein diskuterer handlingar og gjer eventuelle endringar for å nå dei aktuelle måla nemnd over. Det siste møtet var i Geneve i Sveits.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.