Veierland kyrkje er ei langkyrkje frå 1905 på Veierland i Færder kommune i Vestfold. Kyrkja vart oppført med utgangspunkt i standardteikningar frå Kyrkjedepartementet og utvida omkring 25-årsjubileet etter planar av Ahasverus Munthe-Kaas Vejre. Også altartavla er frå den tida.
Blant dei som er gravlagde på kyrkjegarden, er forfattaren Jens Bjørneboe.