Vasylkiv (ukrainsk Василькiв, Vasylkiv, russisk Васильков - Vasylkov) er ein by ved elva Stuhna i Kiev oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Vasylkivskyj rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Staden har ei over 1000 år lang historie og fekk bystatus i 1796. Under den kalde krigen låg Vasilkov flybase her. Byen har kring 35 000 innbyggjarar (2011).