Varhaug er kommunesenter og ein tettstad i Hå kommune på Jæren. Varhaug er ein stasjon på jarnbanen Jærbanen. I fylgje Statistisk Sentralbyrå budde det 2376 menneske på Varhaug den 1. januar 2004.
Varhaug kommune 1894-1964
Tettstaden Varhaug var tidlegare kommunesenter i Varhaug kommune i Rogaland fylke. Frå 1837 var Varhaug del av Hå formannskapsdistrikt.
Hå vart i 1894 delt i Varhaug og Nærbø kommunar. Varhaug hadde då han vart etablert som sjølvstendig kommune 1 801 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart Varhaug slegen saman med Nærbø og Ogna kommunar til den nye Hå kommune. Varhaug hadde ved samanslåinga 3 454 innbyggjarar.