Vansjøen (tyrkiskVan Gölü, armensk Վանա լիճ Vana lich eller Vana Lij, kurdiskGola Wanê[2][3] er den største innsjøen i Tyrkia, heilt aust i landet i provinsen Van. Han er ein salthaldigkolsyrehaldig innsjø som får vatn frå mange fjellbekkar frå dei omkringliggande fjella. Vansjøen er ein av dei største endorheiske innsjøane (innsjø utan utløp) i verda. Det opphavlege utløpet vart blokkert av eit eldgamalt vulkanutbrot. Sjølv om Vansjøen ligg 1640 meter over havet med harde vintrar, frys han ikkje til på grunn av det høge saltinnhaldet. Den grunne, nordlege delen av innsjøen kan likevel stundom fryse til.[4]
Vansjøen er 119 km på det breiaste og har ei middeldjupne på 171 meter. På det djupaste er han 451 meter.[5] Sjøoverflata ligg 1640 meter over havet og kystlengda er 430 km. Vansjøen har eit areal på 3 755 km² og eit volum på 607 km³. Vestdelen av innsjøen er den djupaste med eit stort basseng som er djupare enn 400 meter nordaust for Tatvan og sør for Ahlat. Austdelen av innsjøen er grunnare. Vatnet i innsjøen er særs alkalisk (pH 9,7–9,8) og rikt på natriumkarbonat og andre salt, som vert utskilt ved ordamping og nytta som reinsemiddel.[6]
Utløpet til innsjøen vart blokkert ein gong i pleistocen, då lavastraum frå Nemrut hadde utbrot. Den no sovande vulkanen ligg nær vestenden av innsjøen. Ein annan sovande stratovulkan, Süphan Dağı ligg på nordsida av innsjøen.
Økologi
Den einaste fisken ein kjenner til som lever i Vansjøen er ein fisk kjend som darekh (Chalcalburnus tarichi),[7] ein karpefisk i slekt med årbuk og gullbust, som kan fangast på våren. I mai og juni trekker desse fiskane bort frå innsjøen til mindre alkalisk vatn.
I 1991 oppdaga forskarar ein 40 meter høg stromatolitt i Vansjøen. Desse er solide tårn på botn av innsjøen skapt av matter av kuleforma cyanobakteriar som dannar aragonitt i kombinasjon med kalsitt i vatnet.[9]
Kring Vansjøen finn ein òg den sjeldne kattearten vankatten, som mellom anna er kjend for den uvanlege fascinasjonen sin for vatn.
Sidan kring 1995 har det vore rapportar om ein sjøorm på kring 15 meter, kalla Van Gölü Canavarı (Monsteret i Vansjøen).
Innsjøen er omgjeve av jordbruksområdet der vert dyrka frukt og korn.
↑Sari, Mustafa (2008), «Threatened fishes of the world: Chalcalburnus tarichi (Pallas 1811) (Cyprinidae) living in the highly alkaline Lake Van, Turkey», Environmental Biology of Fishes (Springer Netherlands) 81 (1): 21–23, doi:10.1007/s10641-006-9154-9.