Namnet har ein tilsynelatande likskap med «Baladul-Walid» (på arabisk بلد الوليد) som tyder ‘Byen til Walid’, og var namnet på byen dei hundreåra muslimane styrte her. Walid var truleg ein av dei største kalifane i Omajadedynastiet i Damaskus, men det finst ikkje noko god årsak til at maurarane skulle gje ein liten landsby i ytterkanten av riket deira eit så stort namn. Eit anna forslag for opphavet til namnet er det latinskeVallis (‘dal’) og det keltiskeTolitum (‘stad der vatn møtes’). Eit anna forslag er Valla, som kjem av vallis, de (spansk preposisjon) og Olid (som tyder ‘oliven’), slik at tydinga vert ‘Olivendalen’.
Eit populært kallenamn på byen er Pucela, men opphavet til dette er ikkje klart.
Historie
Valladolid vart erobra frå maurarane på 900-talet og var ein liten landsby som vart utbetra av grev Pedro Ansúrez på 1000-talet. I 1469 gifta dronning Isabella av Castilla seg med kong Ferdinand av Aragon i byen og på 1400-talet var han residens for kongane av Castilla og hovudstad i Spania fram til 1561, då Filip II, som var fødd her, flytta hovudstaden til Madrid. Kristoffer Columbus døydde i Valladolid i 1506 i eit hus som no er eit museum tileigna han. Byen vart hovudstad i kongedømet igjen mellom 1601 og 1606 under regjeringstida til Filip III. Det var i denne perioden då Cervantes gav ut den første utgåva si av Don Quixote i 1604.