Valenciennes (nederlandsk: Valencijn) er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (administrasjonssenter) i departementet Nord i regionen Hauts-de-France, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Storbyområdet hadde 399 677 innbyggjarar i 1999.
History
Valenciennes vart først nemnd i 693 i eit lovdokument skrive av Klodvig II. På 800-talet vart området erobra av normannarar. Då Frankarriket vart oppretta byrja byen å utvikle seg. I 1008 førte matmangel til byllepest.
På 1300-talet vart tårnet I Dodenne bygd. På 1400-talet vart hertugdømet Hainsault, som Valenciennes var ein del av, ein del av Burgund. I 1524 kom Karl V av Det tysk-romerske riket til Valenciennes. Med produksjon av ull og fin lin klarte byen seg økonomisk på eiga hand.
Rundt 1560 vart Valenciennes eit tidleg senter for calvinisme. I 1562 oppstod dei første motstandsrørslene mot religiøs forfølging i Nederland, då ei gruppe protestantar vart dømd til brenning på bålet. I 1580 vart byen erobra av Alexander Farnese og protestantismen vart fjerna.
Med Nijmegen-traktaten tok Frankrike kontroll over Valenciennes i 1678 og dei sørlege områda av Hainault. Kort tid etter vitja Vauban byen for å lage festningsverk her.
Byen vart omleira i 1793 under Napoleonkrigane.