Ura Vajgurore er ein by og ein kommune i regionen Berat i Albania. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i nord til regionen Elbasan, i vest til regionen Fier.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Ura Vajgurore vart slått saman med landkommunane Poshnjë, Kutalli og Cukalat.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Ura Vajgurore.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Ura Vajgurore 7 232 innbyggjarar, medan dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Ura Vajgurore, til saman hadde 27 295 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Ura Vajgurore ein del av distriktet Berat.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Ura Vajgurore og busetnadene:[2]
- Bistrovicë
- Konisbaltë
- Pashalli
- Vokopolë
- Skrevan
Referansar