Tzafria (hebraisk skrift צַפְרִיָּה) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Ben Gurion internasjonale lufthamn og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2006 hadde han 600 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Ungarn på landområdet til den avfolka palestinsk-arabisk landsbyen al-Safiriyya. Namnet kjem frå den landsbyen og vart først kalla Safria Alef og så Kfar Tzafria før han fekk det noverande namnet sitt.
Kjelder