Tveit kyrkje er ei langkyrkje frå 2017 i Askøy kommune i Vestland fylke. Ho vart teikna av Tippetue arkitekter og har same ytre form som kyrkja som vart oppført på staden i 1957 (innvigd 5. mai). Denne vart i si tid teikna av Torgeir Alvsaker. Den nye kyrkja vart vigsla 20. august 2017.[1]
Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1923 og har sidan vorte utvida. Bårehuset nordaust for kyrkja er frå 1963.