Trude Marstein (fødd 18. april 1973)[1] er ein norsk forfattar, diktar og kritikar.
Marstein er fødd i Lørenskog og oppvaksen på Nøtterøy. Ho debuterte i 1998 med tekstsamlinga Sterk sult, plutselig kvalme som ho mottok Tarjei Vesaas' debutantpris for. Ho har seinare markert seg både som romanforfattar og som ein sterk og tydeleg kritikar.
Utdanning
Ho har teke på forfattarstudiet i Bø ved Høgskolen i Telemark. I tillegg har ho grunnfag i pedagogikk, psykologi og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo.
Verk
Romanar
- 2000 Plutselig høre noen åpne en dør
- 2002 Elin og Hans
- 2006 Gjøre godt
- 2009 Ingenting å angre på
- 2012 Hjem til meg
Barnebøker
Andre bøker
- 1998 Sterk sult, plutselig kvalme, tekstsamling
- 2004 Konstruksjon og inderlighet, essaysamling
Omsetjingar
Prisar og utmerkingar
Referansar
Bakgrunnsstoff