Trnava (ungarskNagyszombat, tyskTyrnau; latinTyrnavia) er ein by vest i Slovakia som ligg 47 km nordaust for Bratislava ved elva Trnávka. Han er hovudstad i Trnava kraj og eit okres med same namn. Han var lenge sete for ein romersk-katolsk erkebiskop (1541-1820, og igjen frå 1977). Byen har eit historisk sentrum. På grunn av dei mange kyrkjene innanfor bymurane har Trnava stundom vorte kalla «parva Roma», eller «Vesle Roma», eller «Slovakisk Roma» i nyare tid.
Historie
Det har vore busetnader i byområdet sidan steinalderen. I mellomalderen oppstod ein viktig kjøpstad her der vegane frå Böhmen til Ungarn og frå Middelhavet til Polen kryssa kvarandre.
Den første nedskrivne kjelda som nemner Trnava er frå 1211. I 1238 var Trnava den første byen i dagens Slovakia som fekk byrettar av kongen. Det tidlegare jordbrukssenteret vart gradvis eit senter for produksjon, handel og handverk. På tidleg 1200-talet inviterte kongen av Ungarn mange tyskarar til Trnava, og denne busetnaden voks etter tatarinvasjonen i 1242. På byrjinga av 1300-talet låg Trnava innanfor svært lange bymurar.
Fleire viktige forhandlingar fann stad i Trnava. Karl I, konge av Ungarn, signerte her ein valutaavtale med den tsjekkiske kongen Johan av Luxemburg i 1327 og kong Ludvig I (som ofte var i byen og døydde her i 1380) signerte ein venskapsavtale med keisar Karl IV der i 1360.
Under felttog til dei tsjekkiske husittane på 1400-talet vart det færre tyskarar i Trnava til fordel for slovakarar. Husittane gjorde opprør mot tyskarane og Trnava vart base for felttoga deira i det sørvestleg Slovakia frå 1432 til 1435. Byen og resten av området i dagens Slovakia, vart viktigare etter at det meste av dagens Ungarn vart erobra av Det osmanske riket i 1541-. Trnava vart då sete for erkebispedømet Esztergom (før 1541 og etter 1820 var sete i byen Esztergom, som vart erobra av tyrkarane i 1543). Katedralane til erkebiskopen var Døyparen Johannes-katedralen og St. Nikolas-katedralen. Mange etniske ungarar flykta frå tyrkarane til byen etter 1541.
Det jesuittiske Trnava universitet (1635-1777), det einaste universitetet i Kongedømet Ungarn på denne tida, vart grunnlagd av erkebiskop Péter Pázmány. Det vart grunnlagd for å støtte opp om motreformasjonen, men vart raskt eit senter for slovakisk utdanning og litteratur, sidan mesteparten av innbyggjarane i byen var slovakar. Frå seint på 1700-talet vart Tranava eit senter for den litterære og kunstnariske slovakiske nasjonalrenessansen. Den første rettskrivingsreglane for slovakisk språk var basert på den slovakiske dialekten i regionen rundt Trnava. Under revolusjonane i 1848 kjempa armeen til Richard Guyon mot den austerrikske armeen her 14. desember 1848.
Byen vart mindre viktig utover 1800-talet, då universitetet vart flytta til Buda (i dag Eötvös Loránd Universitet) og setet for erkebsipedøemt vart flytta tilbake til Esztergom. I 1844 kom den første jernbanelinja til Trnava, frå Bratislava. Dei første jernbanevognene på linja vart dregne med hestar, før dei første damplokomotiva kom i 1872. Med jernbanen starta moderniseringa av byen. Det vart reist ein stor sukkerfabrikk, eit malthus og Coburgh-fabrikken, som seinare vart til Trnavské automobilové závody eller Tranava bilfabrikk. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet voks byen utanfor bymurane, og delar av muren vart rivne på 1800-talet. Det meste er i dag likevel godt bevart.
Fram til den andre verdskrigen hadde Trnava ein forholdsvis stor jødisk minoritet, men dei hadde mindre fridom enn resten av borgarane frå så tidleg som i 1495, og frå 1539 til 1800, og i 1870 vart tolv jødar brende på bålet offentleg under ein pogrom.
Etter Tsjekkoslovakia vart danna i 1918 var Trnava ein av dei mest industrialiserte byane i Slovakia. I 1977 vart Trnava sete i eit eige erkebispedøme.
Etter Slovakia vart sjølvstendig i 1993, vart Trnava hovudstad i det nyoppretta Trnava kraj i 1996. Den franske bilfabrikanten PSA bygde ein stor bilfabrikk i Trnava i 2003.