Transport for London (TfL) er den offentlege etaten som har ansvar for transportsystemet i London. TfL blir leia av eit styre utnemnd av borgarmeisteren, som òg er formannen i styret.
Transport for London gjennomfører transportpolitikken til byen og forvaltar dei transporttenestene som borgarmeisteren i London har ansvar for. Etaten inngår kontrakt med private verksemder som skal stå for drift av kollektivtransport etter eit tilbodssystem, opererer mellom anna bussane, undergrunnsbanen, trikkar og elvebåtar i i London, eig jarnbanenettverket London Overground, og regulerer drosjetenestene. Etaten har òg ansvar for 580 km med hovudvegar og alle dei 4.600 trafikklysa i byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff