Toril Opsahl (fødd 16. april 1976) er ein norsk språkforskar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo (UiO). Opsahl vart 2014 tilsett som førsteamanuensis i nordisk språkvitskap med vekt på norsk som andrespråk. Ho har dessutan bistilling som førsteamanuensis II ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare arbeidd som redaktør/forskar ved prosjektet Norsk Ordbok 2014.
Opsahl vart cand.philol. ved UiO i 2002 med ei hovudfagsoppgåve om dei kommunikative funksjonane til diskurspartikkelen «bare».
Februar 2010 disputerte ho for graden ph.d. på ei avhandling om morfologiske og syntaktiske trekk ved norsk i multietniske ungdomsmiljø i Oslo. Opsahls studie inngår i det nasjonale språkforskingsprosjektet Utviklingsprosessar i urbane språkmiljø (UPUS).
Opsahl har sete i skriftstyret til Landslaget for norskundervising.
Kjelder
| Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019 |
Bakgrunnsstoff