Torbjørn Brundtland (fødd 10. mai 1975) er ein norsk musikar frå Tromsø. Han speler i duoen Röyksopp saman med Svein Berge. Brundtland har fleire gonger vunne Spellemannprisen; oftast med Röyksopp, men også individuelt i klassen årets populærkomponist under Spellemannprisen 2009.