Toni Wine (fødd 4. juni 1947)[1] er ein USA-amerikansk popsongar og låtskrivar, som skreiv songar for artistar som The Mindbenders («A Groovy Kind of Love»), Tony Orlando and Dawn («Candida») og Checkmates, Ltd. («Black Pearl») seint i 1960- og tidleg i 1970-åra. Wine song òg kvinnelege vokal for musikkgruppa i teikneserien The Archies, som var kjend for den store hitten «Sugar, Sugar»[2]. Ho delte solovokal på den andre Arhcies-singelen, «Jingle Jangle» med Ron Dante.[3] I tillegg var Wine korvokalist på Gene Pitney sin «It Hurts to Be in Love» og på Willie Nelson sin «Always on My Mind».
Kjelder