Tom Eric Vraalsen (26. januar 1936–13. september 2021) var ein norsk diplomat og politikar for Senterpartiet.[1] Han var bistandsminister i Syse-regjeringa 1989–1990.[2][3]
Bakgrunn
Vraalsen voks opp på Frogner som son av Åre Vraalsen, direktør i Sørensen & Lies Kulkompani, og kona Franciska Andresen.[2][4]
Etter Oslo handelsgymnasium utdanna han seg til siviløkonom ved Handelshøjskolen i Århus og gjekk UDs aspirantkurs.
Karriere
Vraalsen tenestegjorde i Utanriksdepartementet og ved ambassadane i Beijing, Kairo, Manila og Jakarta 1961–1975. Han var ministerråd ved den norske SN-delegasjonen i New York 1975–1979, spesialrådgjevar i Utenriksdepartementets politiske avdeling 1981–1982 og fast representant for Noreg ved SN i New York 1982–1989. Han hadde permisjon frå Utanriksdepartementet som direktør for samfunnskontakt i Saga Petroleum 1991–1992.[5] Deretter var han SN-utsending til Sør-Afrika i 1992 og Noregs ambassadør i London 1994–1996, Washington, D.C. 1996–2001 og Helsingfors 2001–2003.[6][7] Han hadde òg oppdrag som SNs spesialutsending for Sudan 1998–2004.[8]
Vraalsen var formann i Oslo Senterparti 1979–1980 og medlem av Senterpartiets programkomite i 1979. Han var bistandsminister i Jan P. Syses regjering 1989–1990.
Tom Vraalsen vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1987 og tildelt storkrossen av Royal Victorian Order i 1994.[9] Han var æresdoktor ved amerikanske Augustana College og Luther College.
Familie
Han var gift med Viebecke Vraalsen, tidlegare rådgjevar i Utanriksdepartementet.[10]
Kjelder