The Dresden Performance er det 21. albumet til Klaus Schulze. Det kom ut i 1990 og er det første av sju album frå tidleg i 1990-åra som ikkje er gjeve ut på nytt sidan. Sjølv om albumet vert markndasført som eit konsertalbum, er spor 3 til 5 i røynda studioopptak.
Konsertopptaka er frå 5. august 1989 i Dresden i det som då framleis var Aust-Tyskland. Schulze vart invitert til å spele her og førebudde i tillegg til dei to lange spora han framførte live, fleire studiopptak som òg finst på dette albumet.