Aphrica er eit samarbeidsalbum av Klaus Schulze, Rainer Bloss og Ernst Fuchs, med målaren Fuchs på vokal. Aphrica vart gjeve ut i 1984, men trekte attende same året. Årsaka til dette var juridisk, fordi Fuchs alt hadde kontrakt med eit anna plateselskap.[1]). Schulze hadde lite positivt å sei om samarbeidet i ettertid: «Det er eit frykteleg album, berre på grunn av den tåpelege synginga eller resitasjonen. Fuchs prøver å vere seriøs, men er berre utilsikta morsom. På tysk kallar me det 'peinlich'.»[1]