The Allman Brothers Band er debutalbumet til det amerikanske rockebandetThe Allman Brothers Band. Det kom ut i USA på Atco Records og Capricorn Records den 4. november 1969 og var produsert av Adrian Barber. The Allman Brothers Band vart skipa i 1969 og medlemmane kom saman frå forskjellige andre band. Etter at han hadde arbeidd som studiomusikar, flytta Duane Allman til Jacksonville i Florida der han leia store jammar med det nye bandet sitt, der han ønskte å ha to gitaristar og to trommeslagarar. Etter å ha fullført besetninga med broren Gregg Allman, flytta bandet til Macon i Georgia, der dei var av dei første artistane som fekk kontrakt på Capricorn.
Albumet vart spelt inn og miksa i løpet av to veker i Atlantic Studios i New York City. Mange av songane vart spelte på konsertane til bandet i månadane før albumet km ut og kombinerte blues, jazz og country i forskjellig grad. Albumet inneheld omarbeidde versjonar av «Trouble No More» og «Don't Want You No More», i tillegg til kjende, originalar som «Dreams», som synte jazzpåverknaden til bandet, og «Whipping Post», som vart ein publikumsfavoritt. Det var meininga at gruppa skulle arbeide med produsenten Tom Dowd (som hadde arbeidd med Cream og John Coltrane), men han var oppteken, og dei valde i staden å gå i studio med huslydteknikaren Adrian Barber. Plateomslaget vart fotografert i Macon og området kring.
Plata selde i starten dårleg og gjekk inn lågt påBillboardTop 200 Pop Albums-lista. Trass i dette fekk albumet god kritikk i magasin som Rolling Stone, som kalla det «subtilt, ærleg og rørande». Etter bandet vart meir kjend tidleg i 1970-åra, vart dette og det neste albumet, Idlewild South (1970), gjeve ut i lag som Beginnings. Sidan bandet mislikte den originale miksen til Barber, vart albumet miksa på nytt av Tom Dowd. I 1973 hadde Beginnings seld til gullplate for 500 000 selde eksemplar, i følgje Recording Industry Association of America.[4]
I 2016 kom ei luksusutgåve av albumet ut på Mercury Records med den originale stereomiksen til Adrian Barber frå 1969 og stereomiksen til Tom Dowd for Beginnings frå 1973.
Innhald
Alle songar skrivne av Gregg Allman, bortsett frå der andre er nemnde.
↑Bangs, Lester (21. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (52): 52. Arkivert frå originalen 10. februar 2017. Henta 30. juni 2017.