«The 59th Street Bridge Song (Feelin' Groovy)» er ein song av viseduoen Simon & Garfunkel. Han kom ut i 1966 på albumet deira Parsley, Sage, Rosemary and Thyme. «59th Street Bridge» er eit daglegdags namn på Queensboro Bridge i New York City. Meldinga i songen kjem alt i opningsverset «Slow down, you move too fast» («Ta det roleg, du går for raskt».)
Songen vart spelt av den italienske vokalgruppa Quartetto Cetra i 1967 på singelen «La ballata degli innamorati/Tre minuti», med italiensk tekst skriven av Tata Giacobetti.
Melodien vart nytta av Nana Mouskouri i 1967 for songen «C'est bon la vie».
The Coolies songs songen i 1986 på albumet deira dig..?.
Pizzicato Five spelte ein japanskspråkleg versjon av songen på albumet Pizzicatomania!.
Songen vart spelt av Jim's Big Ego på albumet Don't Get Smart.
The Grateful Dead spelte delar av songen i musikken sin, mellom anna på eit konsertversjon av «Dark Star» den 13. februar 1970 på Fillmore East i New York.