Simon and Garfunkel's Greatest Hits er det første samlealbumet til Simon & Garfunkel og det kom ut 14. juni 1972, to år etter at duoen var oppløyst.
Albumet var ein unik miks av originale studioinnspelingar og fire konsertopptak som ikkje tidlegare var utgjevne.
Simon and Garfunkel's Greatest Hits nådde femteplassen i USA og andreplass i Storbritannia. I Noreg nådde det sjuandeplass. Sjølv om det ikkje nådde dei høgaste plasseringane selde det etter kvart særs godt og har berre i USA seld over 14 millionar eksemplar, noko som gjer det til eit av dei bestseljande albuma i USA nokon gong .
I 2003 vart albumet rangert på 293. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innhald
Alle spor skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde