Thar dekkjer rundt 200 000 km²,[1] noko som gjer han til den 17. største ørkenen i verda, og den 9. største subtropiske ørkenen.[2]
Størsteparten av Thar, rundt 85 %, ligg i India.[3] Ørkenen omfattar rundt tre fjerdedelar av den indiske delstaten Rajasthan. Rundt 40 % av innbyggjarane i delstaten bur i ørkenen. Han strekkjer seg også inn i Gujarat, Punjab og Haryana.[4] I Pakistan ligg han i Sind og Panjab.[1]
Geografi
Sanden i Thar har blitt frakta hit med vinden i 1,8 millionar år. Han dannar skiftande sanddyner og eldre, nær stabile dyner på opptil 150 meter. Mellom desse ligg låge åsar og opne sandsletter. Her finst også saltsjøar eller saltsletter (lokalt kalla dhand),[1] der den største er Sambhar-sjøen.[5]
Klima
Nedbørsmengda i Thar varierer mykje frå år til år. Mesteparten fell under sørvest-monsunen. Vest i regionen ligg ein særskild tørr del, Marusthali, med ei årleg nedbørsmend på 100 mm eller mindre.[1] I aust ligg ein halvørken med færre sanddyner og noko meir nedbør,[6]
rundt 500 mm.[1]
Temperaturen kan nå 50 °C om sommaren (mai-juni), då det gjerne oppstår støvstormar som kan få vindhastigheiter på 140–150 km/t.
Lågare temperaturer på 5-10 °C og frost er vanleg om vinteren. Januar er den kaldaste månaden.[1]
Natur
Vegetasjonen i Thar er spreidd og består for det meste av urteaktige vekstar og kratt. Det finst ein del tre som toler tørke, særleg i aust.[1]
Thar husar flokkar av dyr som er i fare for å forsvinna frå resten av India, som hjorteantilope (Antilope cervicapra), chinkara eller indisk gaselle (Gazella bennettii) og indisk villesel (Equus hemionus indicus).
Det finst også mindre rovpattedyr her som ein lokal raudrevart, Vulpes vulpes pusilla, og ørkengaupe (Caracal caracal).
Thar er ein av dei tettast folkesette ørkenane i verda, med ein folketettleik på 83 menneske per km2.[9] Rundt 40 % av alle innbyggjarane i Rajasthan bur i ørkenen.[10]
Den viktigaste levevegen er jordbruk, særleg dyrehald. Folk driv også med handverk og handel.[1]
Jodhpur er den største byen i regionen, og ligg i krattskogsona. Bikaner og Jaisalmer, som også er større byar, ligg inne i sjølve ørkensona. Dei fleste innbyggjarane i Thar bur likevel på landsbygda. Dei høyrer til fleire ulike folkegrupper som er delte inn etter språk, religion og kaste.
Thar-buarane er hovudsakleg hinduar eller muslimar. Den mest markante folkegruppa er radjputar.
Av dei største språka kan nemnast sindhi, som blir tala sørvest i regionen, lahnda frå nordvestlege delar og radjasthanispråk, særleg marwari, som er dei viktigaste språka i sentrale og austlege delar.[1]
I dei gamle indiske sanskriteposa er ørkenen omtalt som Lavanasagara, 'Salthavet'. I rigvedisk mytologi er Sarasvati-elva nemnd som ei viktig elv. Ho blir sagt å liggja mellom Yamuna i aust og Sutlej i vest.[11] Seinare tekstar, som Tandya og Jaiminiya-brahmanaene og Mahabharata fortel at Sarasvati tørka opp i ein ørken.
Mange forskarar meiner at den noverande Ghaggar-Hakra, som no berre renn i regntida, er staden for den rigvediske Sarasvati-elva. Andre meiner tekstane viser til Helmand-elva lengre vest.[12]
Ifølgje kosmologien i djainismen er Jambudvipa, den delen av verda der menneskja bur, omgjeven av Lavanoda eller 'Salthavet'.
På eldre engelsk er Tharørkenen også kjend som Great Indian Desert, 'Den store indiske ørkenen'.
↑Singhvi, A.K.; Kar, A. (1992), Thar Desert in Rajasthan: Land, Man & Environment, Bangalore: Geological Society of India
↑Sinha, R. K., Bhatia, S., & Vishnoi, R. (1996). Desertification control and rangeland management in the Thar desert of India. RALA Report No. 200: 115–123.
↑Sharma, K.K.; Mehra, S.P. (2009), «Chapter 1. The Thar of Rajasthan (India): Ecology and Conservation of a Desert Ecosystem», i Sivaperuman, C.; Baqri, Q. H.; Ramaswamy, G.; Naseema, M., Faunal ecology and conservation of the Great Indian Desert, Berlin Heidelberg: Springer
↑Sharma, K. K., S. Kulshreshtha, A. R. Rahmani (2013). Faunal Heritage of Rajasthan, India: General Background and Ecology of Vertebrates. Springer Science & Business Media, New York.
↑Kaul, R. N. (1970). Afforestation in arid zones. Monographiiae Biologicae (20), The Hague.
↑Khan, T. I., & Frost, S. (2001). Floral biodiversity: a question of survival in the Indian Thar Desert. Environmentalist 21 (3): 231–236.