Taxi er det åttande studioalbumet til Bryan Ferry, tidlegare solovokalist for Roxy Music. Albumet kom ut på Virgin Records i april 1993 over fem år etter det førre albumet hans, Bête Noire.[6] Dette var det tredje soloalbumet til Ferry etter Roxy Music vart oppløyst i 1983. Albumet selde godt og fekk god kritikk, og nådde andreplassen i Storbritannia, der det selde til gullplate.
Taxi er eit coveralbum (sjølv om siste sporet «Because You’re Mine» er ein original). Då Ferry vart spurt om albumet sa han at «Sidan eg byrja å arbeide på Taxi har alt gått bra for meg. Dei siste to åra har vore kjempefint, men eg hadde tre eller fire dårlege år. Då eg gjorde Taxi-albumet var det starten på å få ting riktig igjen. Berre å få gjort noko raskt og effektivt var særs gledeleg. Få noko eg likte ferdig og gå attende til å syngje att, kome seg bort frå mi eiga skriving for ei stund var ein bra ting.»[9]
Mottaking
AllMusic-kritikaren Ned Raggett skreiv: «Taxi syner ein moden Bryan Ferry, elegant og kontrollert, særs mykje på linje med den generelle karrieren hans sidan 1979 ... den handsama vokalen til Ferry, som vart gjort merkeleg flat og komprimert, forsterka den nysgjerrige stemninga.»[1]Entertainment Weekly-skribenten David Browne skreiv om albumet: «Få av nyinnspelingane har den dekadente, muntre entusiasmen coveralbuma hans i 70-åra hadde. Men det er greitt, sidan Ferry har eit anna mål: vakkert uhyggeleg stemningsmusikk for den kjærlege vampyren i oss alle.»[10]Rob Sheffield gav albumet tre stjerner og skreiv at «Taxi er ei samling av gjennomgåande kvalitet, som varierer frå 'Amazing Grace' til 'All Tomorrow's Parties.'»[11]