As Time Goes By er det tiande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry. Det kom ut i 1999 og består av pop- og jazzstandardar. Albumet nådde 16. plassen på den britiske albumlista og selde til gullplate for over 100 000 selde eksemplar i Storbritannia. Albumet nådde 23. plass i Noreg.
Det var produsert av Ferry i lag med Rhett Davies, som hadde arbeidd med Ferry sidan dagane i Roxy Music.
Mottaking
AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skreiv om albumet: «På overflata verkar det som eit steg til sides for Ferry, men til sjuande og sist er det heilt i tråd med hans arbeid. Det er sant at det ikkje er eit stort album i den større samanhengen, men det er lett å bli forført av den uformelle elegansen.»[1]The A.V. Club-kritikaren Keith Phipps skreiv at «resultata er både føreseielege og spanande, musikalsk smakfullt, men like kjenslemessig rått som gode manerar tillet.»[2]